Frå fjorårets 1-1-kamp i Tomrefjord. Elling Olafsen med ballen,

Fotballkretsen har sendt ut forslag til terminliste for 4. divisjon Nordmøre og Romsdal. Her er Vestnes Varfjell satt opp med bortekamp mot Sunndal i første serierunde, laurdag 13. april. 16. mai blir det lokaloppgjer borte mot Tomrefjord.

Molde har bortekamp i eliteserien dagen før nasjonaldagen. I staden kan folk sjå fram fleire lokaloppgjer i 4. divisjon der også Dahle-FC Kristiansund og Elnesvågen-Malmefjorden står på programmet.

I fjor vart det 1-1 på Tomrefjord stadion i ein kamp der Vestnes Varfjell tok leiinga ved Knut Stian Eik.

Bortekampen mot Sunndal endte også uavgjort i 2023, då det vart 2-2 på kunstgraset ved Sande stadion,