Marius Sivertsen
Sivertsen og Connor
Tre spelarar har teikna nye kontrakter for Vestnes Varfjell. Det er toppskårar Ronny Leikarnes og Bjørn-Vegard Løvik som har skreve på for to nye år, medan målvakt Marius Sivertsen har signert ein eittårskontrakt.

Alle tre skreiv under kontrakter fredag. For Sivertsen sin del må kontrakten også signerast av foresatte sidan han ikkje er 18 år, opplyser sportsleg leiar Geir Åge Sylte til varfjell.no

Trenar Alexander Connor er glad for at alle blir med vidare. Særleg på målvaktplassen ville klubben fått eit problem dersom Sivertsen gav seg. 17-åringen spelte seg stort opp i løpet av sin første sesong på A-laget og har potensial til å bli ein toppkeeper.

Bjørn-Vegard Løvik
Ronny Leikarnes rundar 300 kampar i løpet av neste sesong og har klubbrekorden tilhøyrande Bjarne Nerheim på 333 kampar innan rekkevidde. Midtstoppar Bjørn-Vegard Løvik er mellom dei aller beste spelarane i klubben når han er i form. Neste år lover han å trene meir og spele fleire enn dei 12 kampane han rakk i år.