Heimekampen mot Midsund komande fredag har fått utsett avspark med eit kvarter og skal no starte klokka 19.15. Bortekampen mot Åndalsnes i runde 9 er flytta frå fredag til torsdag og blir spelt 15. juni kl 19 på Øran. Dermed skulle heile Connor-klanen rekke til Ullevaal for å sjå Skottland mot Norge 17. juni.