Håvard Haugli Nybråten skårar mot KFK/CFK.

Pors Fotball i 3. divisjon blir ny klubb for Håvard Haugli Nybråten.

Kantspelaren frå Tønsberg var eit svært positivt bekjentskap den eine sesongen han spelte for oss. Han spelte alle 22 seriekampene i 4. divisjon i fjor og skåra åtte mål.

Nybråten starta i Flint heime i Tønsberg før karriera heldt fram i FK Tønsberg og Træff. Han studerer siste året på sport management ved Høgskolen i Molde. Det var alt klart då han kom frå Træff at det ville bli med den eine sesongen i marineblått sidan han denne våren drar ut i praksis.

No blir altså Pors neste stopp. Klubben frå Porsgrunn i Telemark var tidlegare høgt oppe i divisjonssystemet, men spelar no i 3. divisjon. Haugli Nybråten skåra alt etter to minutt då han prøvespelte i ein treningskamp mot Strømsgodset 2 tidlegare i vinter, og har også skåra etter at det vart kontrakt.

Me takkar Håvard for innsatsen og ønskjer lukke til vidare i karriera.