Forbundstunget vedtok i dag ny serieordning, men talet på avdelingar i 4. divisjon blir 24 - ikkje 18 som først foreslått. Dermed blir det truleg eiga avdeling for Nordmøre/Romsdal også i framtida, sjølv om dette ikkje er endeleg stadfesta (det er i dag 26 avdelingar). Kvar avdeling skal ha 14 lag. Truleg blir det ikkje opprykk på vinnerlaget i år som blir overgangssesong. I den nye 3. divisjonen vil berre dei fire beste og nokre lag på 5. plass få vete med i ny regional 3. divisjon.