Opdølbanen er ikkje speleklar. Vestnes Varfjell og Hjelset-Kleive har derfor blitt samde om å «snu» fredagens kamp i 2. serierunde i 4. divisjon. Dermed blir det ny heimekamp for Vestnes Varfjell. Avspark i Vestnes idrettspark fredag blir som vanleg klokka 19. 
Det blir ingen direkteseding i eigen regi frå kampane i år, då Amedia har overtatt rettane til dette.

Dette er første møte med Hjelset-Kleive, som er ei samling av Hjelset-Fram og Kleive. Me møtte Hjelset-Fram sist gong i 1994. Då vart det 1-1 heime etter skåring av Ronny Leikarnes og tap 0-1 borte.

Forrige møte med Kleive var i 1984. Det gav seier 4-1 heime (Hallgeir Vike og Tor Egil Valldal 2) og 2-0 borte (Harald Innli og Bjarne Nerheim).