Berre Eidsvåg, som endte på 2. plass, får spele NM av fjorårets lag i 4. divisjon (vinnar Træff 2 kan ikkje delta i NM). Dei skal møte AK borte. I tillegg er Surnadal, som rykka ned frå 3. divisjon, med og skal møte Sunndal heime. Tidlegare har det vore vanleg med to lag frå 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. I 2012 var Vestnes Varfjell kvalifisert frå 4. plass, men då kunne ikkje lag nr 1 (KBK 2) og 2 (Træff 2) delta. Elnesvågen, som trakk laget frå 3. divisjon for i staden å spele i 4. divisjon, er heller ikkje kvalifisert. Tommy Kanishi Andreassen og Vegar Skare skal ut i nabooppgjer med Brattvåg borte mot Norborg. Heile oppsettet her.