Vestnes Varfjell IL får ikkje ettergitt eit lån på 325.000 kroner frå Vestnes kommune i samband med utbygginga av Vestnes idrettspark. Det vedok kommunstyret med 21 mot fem stemmer torsdag. Vedtaket kan likevel berre vere ei utsetting. Klubbleiar Kai Magne Stokkeland var på møtet, og han var ikkje nådig mot politikarane etter vedtaket:

- Kommunestyrerepresentantane har misforstått. Vi har ikkje alternative inntekter etter at automatinntektene fell vekk. Vi kan no bli nøydd til å auke treningsavgiftene for å dekke inn inntektstapet, sa Stokkeland til Romsdals Budstikke, men la til:

- Dette ordnar seg, det er politisk vilje til å støtte oss. Vedtaket betyr ei utsetting.

Stokkeland seier til varfjell.no at dei vil søke om betalingsutsetjing for årets avdrag på 60.000 kroner, slik at årets underskot kan reduserast frå 150.000 kroner til 90.000 kroner. Også pengar frå sesongkortsalg på MFK-kampar skal gå til å dekke underskot.

Jan Rune Jacobsen (H) og Karsten Frostad (Frp) sto i spissen for dei som argumenterte for å imøtekomme søknaden. Ordførar Knut Flølo (Frp) stemte med fleirtalet, og forklarte - ifølge Budstikka - det med at dette berre er ei utsetting.

- Vi vil ikkje straffe Vestnes Varfjell, men sjå tida litt an, sa Flølo.

Lånet er eit restlån for ekstrakostnader som idrettslaget tok på seg å dekke etter kunstgrasutbygginga i 2005/2006. Vestnes kommune er frå før inne med 1,6 millionar kroner til dette tiltaket, men. Totalkostnadene var sju millionar kroner.