Mange lurer kanskje på kvar det har blitt av vår trufaste fotograf, Asbjørn Vik. Han har flytta inn hos sonen sin i Bærum for det som han sjølv seier er ein «prøveperiode» på tre månader.

Sjølv om han ikkje vil vere til stades og flime sjøl, har han heldigvis sagt ja til å redigere og legge ut høgdepunkt frå opptaka som blir gjort med klubbens automatiserte kamera via Veo-tenesten.
Asbjørn har sidan 2005 filma hundrevis av kampar og lagt ut tusenvis av klipp på YouTube og varfjell.no. Litt av ein innsats som klubben er veldig takknemleg for og som få kan matche i fotball-Norge.
Romsdals Budstikke intervjua han i 2017 og TK-TV nokre år før: