Etter ein etterlengta seier borte mot KFK/CFK sist, er det i kveld klart for ny heimekamp i 4. divisjon for Vestnes Varfjell. Træff 2 tar turen over fjorden. Sist laga møttest var i 2018 og då vann me begge kampane (5-1 og 4-1). Mest målrik var likevel heiekampen året før som endte 7-6! Oversikt over alle tidlegare oppgjer finn du her.
Vestnes Varfjell har hatt ei god treningsveke der det også har vore tid til litt sosialt samvær då klubb-kokk Lars Jørgen Skjegstad diska opp med mat etter ei trening.
Fjorårets Vestnes Varfjell-trenar Ole Håkon Heen Lien er i trenarapparatet til Træff 2 som noko overraskande står utan poeng så langt i årets 4. divisjon. Laget rykka opp frå 5. divisjon i fjor og har også tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Olav Dalhaug i stallen.
Kanskje blir det også eit gjensyn med årets spelar i Norge i 2009, Makhhar Thioune. Møt opp og hei heimelaget fram til årets første heimeseier!