Vestnes Varfjell dreg fredag til Søvika for å møte Norborg/Brattvåg 2 til treningskamp. Vertane ligg på 8. plassi 4. divisjon Sunnmøre etter vårsesongen.
- Me starta i forrige veke so smått med oppkjøringa til haustsesongen, og avsluttar treningsopplegget denne veka med ein treningskamp. Det er framleis ein del spelarar på ferie, men me satsar likevel på at det blir ei god gjennomkjøring før starten på haustsesongen, seier trenar Alexander Connor til Varfjell.no.
Tre mann, Owen Connor, Oliver Connor Søreng og Tor-Bjarne Løvik Salte er på Norway cup for juniorlaget til Træff som har gjort sine saker bra bra.