MFK 3 er motstandar for A-laget i kveld, når laget spelar den førsrte av fire attståande kampar i 4. divisjon i løpet av åtte dagar. Før første gong får laget spele kamp på sjølvaste Aker stadion. Etter at det vart lagt kunstgras har MFK sluppe til fleire lag på sin hovudarena. Vestnes Varfjell ligg på ein 6. plass, men treng framleis fleire poeng for å ikkje risikere å hamne på den utsette 9.-plassen. Laget som ender fjerde sist må nemleg ut i kvalifisering mot nummer to i 5. divisjon (Nordlandet) slik situasjonen er akkurat no med tre lag frå kretsen på nedrykksplass i 3. divisjon. Oversikt over tidlegare kampar mot MFK 3. Kampfakta kjem her. Oppdatering kjem via Twitter.