Norges fotballforbund har sett opp 2. kvalikrunde i cupen, og Vestnes Varfjell skal møte Herd borte. Kampen går 1. april, altså andre påskedag. Avspark er kl 16.00. Varfjell har møtt Herd i cupen også ein gong tidlegare, borte i 1. kvalikrunde i 1978. Då vann ålesundslaget 4-2 etter at Tor Egil Valldal og Åge Sylte skåra for Varfjell. Herd, som er mellom opprykksfavorittane i 3. divsijon med tidlegare AaFK-spelar Amund Skiri som trenar, slo Stranda 4-0 borte i 1. kvalikrunde. Laget er også motstandar på treningsleiren i Tyrkia, men Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor har alt vore i dialog med sunnmørslaget om denne kampen. Vestnes Varfjell dreg frå Vigra i ettermiddag. Kampane med dei andre laga i fylket er sett opp slik: Surnadal - KIL/Hemne, Elnesvågen - Sunndal, Brattvåg - Spjelkavik og Larsnes/Gurksen - Bergsøy. Heile oppsettet