Omsider er det klart for vinterens første treningskamp. Vestnes Varfjell tek imot HaNo heime i Vestnes idrettspark torsdag.

Etter at kampen mot Ravn kom for tidleg for det nye trenarteamet og ei «atmosfærisk elv» gjorde at kampen mot Stordal/Ørskog regna vekk sist onsdag, er det endeleg klart for årets første test for «nye» Vestnes Varfjell.

Haramsøy & Nordøy FK, betre kjent som HaNo tek turen frå øyane i Haram. Dei er nyopprykka til 5. divisjon på Sunnmøre, og har i vinter tapt 1-3 mot 4.-divisjonslaget Bergsøy i Sunnmørsposten cup. 

Redaksjonen er usikker på når me møtte HaNo sist, men i 2009 vart det i alle fall seier 6-2 i tilsvarande oppgjer. I den kampen skåra Tommy Kanishi Andreassen tre av måla. Kanishi er den einaste på heimelaget som var med då som også er aktuell i kveld.

Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 18.30 om snøen er rydda vekk. Då rekk du fint heim for å sjå om Molde tek seg forbi Legia Warszawa i Uefa Conference League!