Kampen om poeng held fram mot Frei fredag.

Etter ei pause sist helg, er det igjen klart for kamp om poenga i 4. divisjon når Frei kjem på besøk fredag.

Gjestane er nyopprykka frå 5. divisjon og står utan poeng så langt. Laget skulle ha møtt Elnesvågen måndag, men kunne ikkje stille lag og vart dømt til tap 0-3.

I kveld blir det nok ein tøff kamp mellom to lag i botnen av tabellen. Heimelaget slo Dahle i forrige heimekamp, men gjekk på eit surt tap borte mot Eide helga etter.

Rapportane fortel om gode treningar siden då, med opptil 22 mann på det meste. 

Nokre har alt spelt kamp denne veka. Måndalen /Vestnes Varfjell tapte 1-4 borte mot Hjelset-Kleive i 5. divisjon onsdag. Ola Farkvam gav samarbeidslaget leiinga, men måtte gje tapt til slutt på Opdølbanen.

Møt opp fredag og hei heimelaget fram til viktige poeng i 4. divisjon! Det er meldt godt vær og kiosken er som vanleg open.