Kampen om dei første poenga i årets 4. divisjon held fram fredag.

Då kjem Dahle på besøk til Vestnes idrettspark. Gjestane frå Kristiansund står med tre poeng på dei tre første kampane. Først slo dei Sunndal 5-1 heime, før det vart stortap 0-7 borte mot Midsund. I sist kamp var dei nære poeng mot Åndalsnes, men tapte 3-4 heime på overtid.

For heimelaget handlar det om å starte poengfangsten. Laget har vore nærme og også uheldige som ikkje greidde poeng i dei to siste kampane. 

Møt opp og støtt laget i kampen om poenga!