Steinkjer spelte 2-2 heime mot Strindheim i 2. divisjon avdeling 2 og er dermed seks poeng og 26 mål bak MFK 2 to kampar før slutt. Dermed er AK definitivt sikra ny kontrakt i 3. divisjon medan Vestnes Varfjell er eit steg nærare. Nordpå er det alt klart at det ikkje blir opprykk for Johnny Nerbø og Mjølner i år heller. Laget tok 56 av 60 mulege poeng og vann 15-1 i siste kamp. Det var likevel 25 mål for lite til å passere Harstad. No kan Mjølner bli kvitt sin verste konkurrent som alt har slått Stålkameratene 2-0 borte i første kvalikkamp. Ein kamp i 5. divisjon avdeling 2 spelt søndag. Bjørset - Rival 2 2-1. Tabell>> I 4. divisjon var det serieavslutning søndag. Her har KFK og MFK 3 vore klare for opprykk ei stund. Bryn kom sist, men må som Vestnes Varfjell håpe på Træff-opprykk for å berge plassen. Tabellen>>