Molde 2 slo Alexander Connors gamle klubb Drøbak-Frogn 5-3 tidleg måndag føremiddag og berga med det ganske sikkert ny kontrakt i 2. divisjon. Det er også godt nytt for Vestnes Varfjell og andre lag i lokalfotballen som kjempar mot nedrykk. At MFK 2 bergar seg betyr nemleg at maksimalt to lag frå 3. divisjon og eitt lag frå 4. divisjon rykker ned. Berre eitt lag rykker ned frå 3. divisjon om laget frå Nordmøre/Romsdal slår Sunnmøres kandidat i opprykksfinalen i 3. divisjon. Stillinga i eliteserien kan få påverknad også i lokalfotballen:
Træff ligg best an til å få
representere Nordmøre/Romsdal i kvalifiseringa, men skal ut
i vanskelege kampar heime mot KBK 2 og borte mot Vestnes Varfjell i
sine to siste kampar. Elnesvågen, eitt poeng bak, skal ha AK
heime og Sunndal borte. Sunndal, tre poeng og klart dårlegare
målforskjell bak Træff, har att Måndalen og
Elnesvågen, begge heime.
På Sunnmøre kan AaFK 2 sikre avdelingsmeisterskapen
med seier borte mot Volda måndag kveld. AaFK 2 får
likevel ikkje spele kvalik med mindre førstelaget bergar
plassen i eliteserien, noko som ser ut til å vere ganske
sannsynleg i skrivande stund. Med mindre Lyns skulle bli
slått konkurs slik at AaFK mistar seks poeng. I alle tilfelle
må kvalifiseringskampane vente til eliteserien er slutt
første helga i november. Hamnar AaFK i kvalik om plass i
eliteserien må 2.-divisjonskvalifiseringa vente til langt ut
i november, fordi laget også skal gjennomføre
cupfinalen først.
Kven som rykker ned frå eliteserien kan også få
betydning for MFK 2 i 2. divisjon. Både Lyn,
Bodø/Glimt, Strømsgodset og Fredrikstad har andrelag
i 2. divisjon som ligg på trygg grunn eller i nærleiken
av trygg grunn. Rykker førstelaget ned, blir det automatisk
nedrykk også for andrelaget i 2. divisjon, sjølv om
laget eigentleg er på sikker plass. Den eller dei ledige
plassane går i tilfelle til det eller dei beste laga på
11. plass i dei fire avdelingane sett under eitt. I MFK 2 si
avdeling har Nardo på 11. plass alt 25 poeng, desidert mest.
I so fall er det 15 poeng ned til nedrykksplass, fire runder
før slutt.
Her er kretsen si oppsummering av opp- og nedrykk
i hausten 2009.