Vestnes Varfjell ligg på sikker plass i 4. divisjon, men kan også berge seg om det blir 7. plass til slutt. Då må lag nummer 7 i 3. divisjon Nordmøre/Romsdal bli mellom dei 1-2 beste poengsankarane på denne plassen ii dei 20 3.-divisjonsavdelingane i Sør-Norge. Konkursen i Lyn og nedrykk for nordnorske lag frå 2. divisjon avgjer kor mange lag som bergar seg på 7. plass.


Grunnen er at Sør- og Nord-Norge skal vere to distrikt i 3. divisjon, og lag frå Nord-Norge som rykker ned frå 2. divisjon vil frigjere plassar i 3. divisjon Sør-Norge. Mo IL ligg an til nedrykk frå si avdeling i 2. divisjon, Senja er også i faresonen, men ser ut til å berge seg. I tillegg blir det ein plass ledig i 2. divisjon fordi det kjem eitt lag mindre ned frå 1. divisjon fordi Lyn gikk konkurs, men her er det også muleg at Lyn får spele i 2. divisjon neste år.


Truleg blir det berre to lag som bergar seg på 7. plass. Ein kjapp gjennomgang av alle tabellane i 3. divisjon Sør-Norge gjort fredag viser at Skedsmo i Akershus med 1,59 poeng i snitt og Odd 3 i Telemark med 1,57 i snitt ligg best an til å ta plassane. Dahle i Nordmøre/Romsdal ligg uoffisielt på ein delt 8. plass av 20 lag med 1,44 poeng (grunnen til at det blir rekna poengsnitt er at det er ulikt antall lag i avdelingane). Det er likevel små marginar og mykje kan skje med ein god poenghaust for laga i 3. divisjon Nordmøre/Romsdal. Kampen om 6.-7. plassen ser ut til å stå mellom Eidsvåg, Dahle og KFK.

Les også artikkel i avisa Raumnes om problematikken