Ein divisjonskollega melder om trenarløysing medan årets toppskårar i 4. divisjon kan vere på veg til ny klubb. Her er litt adventsnytt frå andre klubbar:
IL Bryn skriv på sine nettsider at Frank Ove Berget held fram
som trenar. Laget frå Hustad og Farstad satsar også
på eit godt støtteapparat og stiller strengare krav
til spelarane etter opprykket til den nye og forsterka 4.
divisjonen. I same artikkel blir det opplyst at Bjørn
Halås skal trene Eide neste sesong og at Vidar Holmen og
Torstein Rønning har takka ja til å leie Malmefjorden.
Tidens Krav delte for ei stund sidan ut
årets toppskårartrofé for 4. divisjon til Ronny
Svanemsli. Clausenengen-spissen skåra 26 mål i
årets 4. divisjon, mellom anna to mot Vestnes Varfjell. No kan han igjen vere
på veg til Kristiansund BK som også skal spele med sitt
2.-lag i 4. divisjon etter nedrykket. Meir om dette og kvifor laget
rykka ned kan du også lese i eit "tett
på nett"-møte med KBK-trenar Geir Midtsian på
Garderobeprat.com.
Midsund vart suveren seriemeister i årets 4. divisjon noko
som vart feira med årsfest nyleg. Her vart det ifølge
Øyavis opplyst at Bjarne Stormyr held
fram som trenar. Joakim Stormyr vart kåra til årets
spelar for laget som berre tapte mot Vestnes Varfjell på
heimebane denne sesongen.
For rykter og nytt om lokale lag i 3. divisjon viser me til den nye
lokalfotball-bloggen.
Kjenner du til nytt frå lokalfotballen, ikkje nøl med
å skrive ei melding i kommentarfeltet under.