Ronny Leikarnes (tv) og Lars Jørgen Skjegstad i Varfjell-leiren på Træff-AaFK 2.
Leikarnes og Skjegstad
Gladmelding samtidig som nedrykket vart eit faktum: Tidenes mestspelande og mestskårande Vestnes Varfjell-spelar, Ronny Leikarnes, held fram karriera. - Om det vart 3. eller 4. divisjon har ikkje vore avgjerande for meg. Det kan bli arktig å spele i 4. divisjon også, seier Leikarnes. Bjørn-Vegard Løvik er ein annan som satsar for fullt.


Lars Jørgen Skjegstad vurderer ikkje comeback, men seier han vurderer å delta på treningane til Gossen til vinteren og gjere eitt og anna innhopp for VVIL 2. Skjegstad arbeider på Ormen Lange-anlegget.

 

Alle desse tre var spente tilskuarar under kvalikfiseringskampen mellom Træff og AaFK 2 måndag. Også mange andre vestnesingane hadde tatt turen med håp om Træff-opprykk.