Ronny Leikarnes vart den første som skåra mål på Tomrefjord hittil i sesongen då han avgjorde kampen laurdag med eit fint skot i nettaket etter 16 minutt. - Vart eg først? Det var eg ikkje klar over, men då var det ekstra kjekt, sa Leikarnes etterpå. Bernt Hulsker sto for det presise framspelet til Leikarnes, som akkurat var onside ifølge videoen. - Artig å spele saman med Bernt att, det var neste som i gamle dagar, seier Leikarnes. Også spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik var fornøgd:
- Artig at me greier å vinne, og ekstra kjekt med Bernt tilbake og mykje publikum. Me starta best og hadde sjansar til å skåre meir enn eitt mål. Så tar Tomrefjord over etter at me går tom for krefter, men dei skaper likevel ikkje all verda. Ein godt gjennomført kamp av oss og stor honnør til alle, seier Løvik til varfjell.no.