ronnyleikarnes2006Vestnes Varfjell-spissen Ronny Leikarnes er intervjua av Bygdebladet etter at opprykket il 3. divisjon vart klart på overtid. Toppskåraren gler seg til utfordringa det er å spele ein divisjon høgare. - Det er mange gode lag i 3. divisjon, men at vi skal klare oss der, er eg ikkje i tvil om, seier Leikarnes til avisa. Han satsar vidare sjølv og trur laget blir betre neste sesong.

- Eg har det ofte travelt om kveldane, og har ikkje hatt tid til å vere med på alle treningane i veka. Men eg prøver å kompensere med eigentrening, seier vikebuktingen.

- Vi har så mange gode unge spelarar som blir endå betre neste år. Eg har god tru på at vi skal hevde oss i 3. divisjon.

Leikarnes var toppskårar i klubben igjen denne sesongen, med 24 seriemål. Han er også mestskårande i historia med 263 mål til saman. No jaktar han på rekorden for spelte kampar på 333, som Bjarne Nerheim har. Leikarnes har også Gunnar Nerbø og Roger Valldal framom seg på adelskalenderen.

- Kanskje kan eg nå att Roger Valldal neste år om eg får vere skadefri. I fjor sleit eg litt med ein skade. I år har eg vore skadefri, og eg er fornøgd med sesongen min, seier Ronny Leikarnes til Bygdebladet.