Speakeren på Midsund stadion og fleire Vestnes Varfjell-spelarar meinte skotet frå Jørgen Gravdehaug gjekk rett i mål til 0-1, men det gjorde det ikkje. Sjølvsagt var den gamle målsniken Ronny Leikarnes på plass føre mål og fekk lirka ballen dei nødvendige centimetrane over streken, noko me også hadde sterk mistanke om frå vår plass. - Eg var såvidt borti ballen før den gjekk inn, skriv Leikarnes i ein sms til varfjell.no.
Dermed blir Leikarnes kreditert målet, noko han også
er i dagens kampfakta i Romsdals Budstikke. Joakim Stormyr,
Midsund, vart kåra til banens beste.