Klubbleiar Kai Magne Stokkeland er optimist føre seriestarten i 3. divisjon: - Vi skal gjere ein kjempefigur, men det vert ei skikkeleg utfordring, seier han til Bygdebladet.

Han legg til at det ikkje må forventast for mykje av det unge laget første sesongen i 3. divisjon. - Det blir ei utfordring for oss med eit så ungt lag. Snittalderen er i underkant av 20 år. Målet er å stå i divisjonen og gjere det beste ut av det. Med så unge spelarar kan det skorte på fysikken mot enkelte lag. Det har gått litt opp og ned i treningskampane, seier Stokkeland til avisa.

Samtidig ser han lyst på framtida, der ambisjonane skal justerast opp etter kvart.

- Vi har føresetnader for å komme til 2. divisjon på sikt. Men det er avhengig av det økonomiske og at ein klarer å halde på spelarane. Det kjem etter kvart store årskull opp no, og det er ikkje urimeleg at vi skal klare å få til noko stort i Vestnes, seier Kai Magne Stokkeland til Bygdebladet.

Han har også tru på at innsatsen til supperterane i Hegreberget skal vere viktig som "lagets 12. mann".

- Eg håper Hegreberget vil vere med og heie oss fram. Folk frå Vestnes må gjerne ta turen til Molde og støtte laget i første seriekamp, seier Stokkeland.