Vestnes Varfjell-æresmedlem Birger Ødegård (86) er intervjua i Bygdebladet onsdag. Reportasjen handlar om at Ødegård og kona Bjørg har flytta inn i leilegheit i Trappeskulen, men samtalen med journalist Edmund Melkild kjem raskt inn på fotball. Ødegård er kjend som ein engasjert og trufast supporter, og seier han gler seg som ein gutunge til å følge heimekampane til Vestnes Varfjell. - Eg kan nesten ikkje vente til fotballsesongen er igang, og er glad eg framleis har gangavstand til fotballstadion. Elles er det moro å følgje med barnebarna som spelar fotball i Vestnes Varfjell og Hødd, seier han og legg til at han er usamnd med dei som meiner det er for mykje fotball i avisene.