Tomrefjord gjestar Vestnes idrettspark på fotballens nasjonaldag, 16. mai. Vestnes Varfjell håpar å ha målvakt Fredrik Bergslid tilbake frå skade til denne kampen. Han var sårt sakna då laget tapte heile 1-7 mot Eide sist. Tomrefjord bygde på si side på sjølvtilliten ved å vinne 3-0 heime mot Surnadal. Kampane mellom dei to nabolaga har vore jamne dei to siste åra etter at Tomrefjord vann klart først året dei var oppe. I fjor var det ei kontroversiell skåring som bikka kampen i favør Tomrefjord. Oversikt over tidlegare kampar her. Møt opp og få med deg det som ligg an til å bli ein flott foballkveld.
Klart for lokaloppgjer 16. mai
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter