Fredag er det igjen duka for lokaloppgjer under flomlyset i Vestnes idrettspark når Tomrefjord IL kjem på besøk.
Heimelaget har vunne dei to siste tilsvarande oppgjer. I 2019 huskar me alle korleis Amund Stavem sjokkerte gjestane med ei tidleg skåring før Vegar Skare «dansa» inn lagets andre mål.
DETTE KAN DU GJENOPPLEVE HER I VARFJELLTV | OVERSIKT OVER TIDLEGARE OPPGJER
Dette blir også første retur til Vestnes idrettspark i «feil» drakt for Tommy Kanishi Andreassen, Daniel Gravdehaug og Knut Stian Eik etter at alle valgte å gå til naborivalen før denne sesongen. Særleg Kanishi og Gravdehaug har vore toneangjevande i eit Tomrefjord-lag som har overraska alle med å ligge heilt på toppen av tabellen.
Heimelaget jaktar årets første seier, og ikkje noko hadde vore betre enn om den kom i kveld. Det er venta mange gule supporterar, så her er det viktig at også mange møter opp og støttar heimelaget.
Kan du ikkje møte, blir kampen streama på VarfjellTV ved Asbjørn Vik via denne lenka.