Me kan i dag gratulere nabo Tomrefjord og trenar Gunnar Eik med opprykk til 4. divisjon etter seier 3-0 mot Midsund i den avgjerande kvalifiseringskampen laurdag. Dermed er det igjen duka for saftige lokaloppgjer i Vestnes-fotballen. Det sto 0-0 etter første kamp i Tomrefjord. Midsund var lenge det førande laget i returoppgjeret, men etter ein halvtime skjedde det som på mange måtar avgjorde kampen: Midsund-målvakta vart utvist og Tomrefjord fekk straffespark som Sundet sette inn. Heimelaget vart også tvinga til å sette målfarlege John Arne Øien i mål. Dermed måtte Midsund skåre to gongar med ein mann mindre, noko som skulle vise seg å bli for vanskeleg sjølv om laget var svært nærme før pause. I andre omgang skåra Ken Robin Hildre to fine mål for eit Tomrefjord-lag som hadde full kontroll. Dermed kunne tilreisande tomrefjordingar sleppe jubelen laus. 235 betalande tilskurar hadde møtt opp i regnveret, et vil seie at rundt 300 var til stades totalt. TV2 var på plass og skal vise eit innslag i Fotballextra søndag kveld. SJÅ INNSLAGET HER