Vestnes Varfjell er mellom 260 lag i Norge som skal delta i Norgesmesterskapet i fotball i 2023, betre kjent som cupen, melder NFF. 8.-plassen i 4. divisjon var altså nok, også 9.-plass hadde holdt.
Dei andre som er klare frå Nordmøre og Romsdal går inn i 1. kvalifiseringsrunde er Surnadal, Tomrefjord, Sunndal, Dahle, Eide og Omegn og Midsund. 1. kvalifiseringsrunde blir i utgangspunktet spelt helga 18. - 19. mars.
Sist Vestnes Varfjell deltok, i 2018, møtte laget Træff på bortebane. Det skjer ikkje denne gongen då Molde-laget saman med Molde FK og Kristiansund BK er direkte kvalifisert til 1. runde.
Motstandar i kvaliken kan godt komme frå Sunnmøre der Volda, Herd, Bergsøy, Rollon, SIF/Hessa, Hovdebygda og Ørsta er klare (Aalesund, Hødd, Brattvåg og Spjelkavik er direktekvalifisert for 1. runde).
Vestnes Varfjell kom til 2. kvalikrunde i 2013 (slo AK i 1 runde, tapte mot Herd i 2. runde). Ein gong har laget komme heilt til 1. runde, det var i 1976 då det vart tap 0-4 borte mot MFK.