Vestnes Varfjell er eitt av 16 lag i Nordmøre og Romsdal som får delta i kvalifisering til NM 2026/27, melder Romsdals Budstikke (krev abonnement). Cupen er som kjent lagt om til haust-vår med finale i mai. Ein av lovnadane då var at fleire lag skulle få delta, og no er det altså klart at alle lag i 4. divisjon og svært mange i 5. divisjon får vere med. Berre reine seniorlag kan vere med i NM, det vil seie at andrelag, tredjelag og samabeidslag ikkje får delta.
Nordmøre og Romsdal har berre fått ein plass i 1. runde, og denne går til laget som vinn sluttspelfinalen i juni. Før det skal det spelast tre innleiande runder. Kampane blit trekt på kretstinget 7. februar, melder NFF Nordmøre og Romsdal. Det er inga seading. Playoff-vinnaren er klar for 1. runde der laga i divisjonane over, det vil i vår krets seier Molde, Kristiansund BK og Træff, er direkte kvalifisert.
Varfjell har spelt seg fram til 1. ordinære runde ein gong, i 1976, då det vart tap 0-4 borte mot Molde.