Vestnes Varfjell-spelar
Tommy Kanishi Andreassen viser seg i desse dagar fram i Træff, melder
Lokalfotball-bloggen. Kanishi er ein av fleire spelarar som er på prøvespel i den nyopprykka 2.-divisjonsklubben. Kantspelaren var også i fjor ønska av grønbuksene frå Reknesbanen. 22-åringen fekk delar av årets sesong øydelagt av skader, men på sitt beste er det ingen tvil om at han held eit nivå for spel i 2. divisjon - minst. Træff har alt fått tilbake Frank Mundal frå Midsund og Thomas Flemmen frå AK, men har mista kaptein Thomas Lyngbø.