Tommy Kanishi Andreassen vart kveldens mann då Vestnes Varfjell feira sin årsfest med julebord laurdag kveld. Kapteinen vart årets spelar stemt fram av dei andre på A-laget og fekk også toppskårarprisen for sine 26 seriemål i 4. divisjon i årets sesong. Som om ikkje det var nok, vanka det også blomster for passerte 150 seriekampar. Magnus Nerheim vart kåra til årets unge spelar av trenar Alexander Connor og resten av støtteapparatet. Nerheim feikk også blomster for passerte 50 kampar, det same gjorde Svein Erik Lange Male. Nirut Mjøs, Ørjan Tangen og fekk plakett for 100 kampar (i tillegg til Trond Klokset, som ikkje var til stades). Klubbleiar Knut Øyvind Hoem leia festen med stø hand. I overkant av 60 personar fekk servfert smakfull julemat frå Vestnes Fjordhotell. Sjå fleire bilder frå festen her

 

Kanishi vart suveren vinnar av avstemminga, som blir gjort via SMS. Dette er fjerde gong han vinn prisen som årets spelar, men første gong han blir toppskårar. Magnus Nerheim vart ifølge Connor valt grunna stor treningsiver og fordi han har har vist stor framgang i løpet av sesongen. Nerheim, som er son av Varfjell-legenda Bjarne Nerheim, var på bana i samtlege 22 seriekampar.

Mange æresmedlemmar vart møtt fram, og ein av desse - Birger Lilleheim - fekk blomster og presang for fylte 85 år. Elles vart det delt ut blomster til hovedsponsor Sparebanken Møre ved Jarl Sægrov samt fleire som vart trekt fram for sin innsats i året som har gått.

Elling Olafsen fekk også utdelt pris for 100 kampar, men leverte den tilbake då det viste seg at han fekk den alt i fjor! Yngve Solvågseide var heller ikkje til stades for å motta blomster for passerte 150 kampar.

Den innlagte quizen frå leiar Hoem vart vunne suverent av laget Team Extreme med kaptein Tore Akselsen i spissen. Dei andre på laget, som fekk 16av 17 rette, var Alexander Connor, Svale Leren, Karl Arne Stokkeland, Sondre Akselsen, Ørjan Tangen og Gjermund Kjøpstad.