Odd Hjelvik gir instruksar på ei av dei siste treningane før seriestart. (Foto: Lars Jørgen Skjegstad)

Vestnes Varfjell-veteran Tommy Kanishi Andreassen snakkar om trenarskifte, spelarflukt og tippar tabellen i 4. divisjon i fersk podkast.

Helgas lokaloppgjer mellom Vestnes Varfjell og Åndalsnes er tema i seriestart-episoden av podkasten Opp med praten i avisa Driva. Vår eigen Tommy Kanshi Andreassen er gjest. Programleiarane Øystein Hjelle Bondhus og Katrine Silseth Naas har også med seg Edvard Sætre frå Åndalsnes. 

Heile podkasten kan du høyre her eller der du lyttar til podkast.

Frå treninga måndag. (Foto: Lars Jørgen Skjegstad)

Kanishi blir først spurt om 2024-sesongen som vart tøff og der laget berga plassen heilt i siste liten. Det såg lenge lyst ut då både han og fleire andre returnerte frå Tomrefjord, men mykje endra seg då Daniel Gravdehaug i staden endte i Træff.

– Eg følte me aldri spelte opp til det potensialet me kanskje hadde. Me hadde ganske mange gode enkeltspelarar, men det fungerte kanskje ikkje som eit lag. Samtidig følter eg at me hadde meir å gå på fysisk, noko som gjorde at me ikkje heilt fekk dei resultata me ønska, seier Kanishi i episoden.

I år har laget i tur og orden mista nøkkespelarar som Amund Stavem (Elnesvågen), Oscar Rekdal Misfjord (Midsund), Oliver Connor Søreng (Stordal/Ørskog), Owen Connor (Brattvåg) og no sist Tor-Bjarne Løvik Salte til premieremotstandar Åndalsnes.

Særleg Stavem og Misfjord blir tunge tap, ifølge Kanishi, då han rangerer desse mellom dei aller beste spelarane i divisjonen-

–  Me var tidleg klar over at Amund skulle gå til Elnesvågen, men så begynte det å balle på seg. Det kan ha litt med ein veldig rotete oppkøyring der det ikkje er så lenge sidan me fekk inn ein trenar (Odd Hjelvik, red. merk.). Då såg det eigentleg lyst,ut, men så fall det litt saman då spelarar etter kvart begyngte å finne seg andre klubbar. Ekstra tungt blir det når det skjer to til tre veker før seriestart. Det gjer at me må gjere ein del justering og tenke litt annleis, seier han.

Erfarne Kristian Flittie Onstad og Ole Ulvestad er mellom dei som har kome til, i tillegg er det venta påfyll frå samarbeidslaget Måndalen. 

Han seier Alexander Connor gjorde ein god jobb som trenar gjennom mange år, men trur det er positivt å få inn ei ny stemme på trening.

–  Det gir litt meir motivasjon. Spelarane vil vise seg litt meir fram på trening og kvaliteten går opp. Hittil har det vore mykje positivitet på trening og folk steppar litt opp. Det er det som må til når me har mista så mange gode nøkkelspelarar, trur han.

Sjølv er han ein av 3-4 nøkkelspelarar som må dra lasset saman med 3-4 andre i år. Midtbanespelaren, som var kaptein i mange sesongar, seier han skal bidra så lenge kroppen tåler det. Når han blir spurt om status no, er svaret klart:

– Ja, eg er er klar til seriestart!

 

Tor-Bjarne Løvik Salte rakk to treningskampar som kaptein før ferda gjekk til Åndalsnes.

Tor-Bjarne Løvik Salte er ein av spelarane som står på motsatt banehalvdel fredag. Han overtok både kapteinsbind og drakt nummer 10 frå Amund Stavem i vinter, men overraska mange då han nyleg meldte overgang til naborivalen. 

I podkasten er programleiaren spent på kva mottaking han får.

- Det får me sjå på fredag. Men det eg kan seie, er at når det skjer to veker før seriestart, så blir det ikkje noko god stemning i garderoben. Såpass ærleg må eg vere, seier Kanishi, som sjølv sto for ein kontroversiell overgang til Tomrefjord i 2021.

– Det er alltid mange som har noko å seie om desse overgangane. For min del handla det om at eg trengte eit miljøskifte, samt at det å kunne spele på naturgras hadde mykje å seie. Eg merkar det godt no når eg trenar og spelar mykje på kunstgras, at beina ikkje tåler det like godt.

Heile panelet er samd i at nyopprykka Frei rykker ned, men tre av fire har Vestnes Varfjell på ein ny 11.-plass. Kanishi er ikkje samd og set eige lag på ein 8. plass. 

–  Det er viktig å ha litt trua på seg sjøl inn mot sesongen, seier han.

Panelet har elles ulike lag heilt på topp, men er samde i at det vil stå mellom Elnesvågen, Åndalsnes, Midsund og Træff 2 

Me tar også med tabelltipset frå Fredagsligaen på X:

1. Træff 2

2. Elnesvågen

3. Midsund

4. Åndalsnes

5. FCK

6. Sunndal

7. Eide

8. Dahle

9. Averøykameratene

10. Malmefjorden

11. Vestnes Varfjell

12. Frei

23 mann stilte på treninga måndag.