Stokkeland th.

To nye spelalar vart klare for Vestnes Varfjell 30. mai. Karl Arne Stokkeland (til høgre på bildet under eit gjestespel i 2009) er tilbake etter spel for Molde og Eidsvåg, medan Audun Leikarnes returnerer etter spel for Måndalen og Flisa dei seinaste sesongane. Dei to studerer for tida i høvesvis Trondheim og Elverum. Leikarnes spelte B-kampen mot Bjøret torsdag, medan det er usikkert når Stokkeland sluttar seg til laget.  Også Sindre Balstad, som rakk å spele ein kamp og skåre eitt mål i fjor, er tilbake. Trenar Alexander Connor gler seg over større breidde i ein frå før sterk tropp, men er er usikker på kampforma til dei nye spelarane.