Samarbeidslaget Tomrefjord/Vestnes Varfjell spelte uavgjort 1-1 mot Dombås laurdag etter skåring av Martin Løvik. Dette var første treningkamp for det nye juniorlaget. Ny kamp er avtalt mot Måndalen A onsdag. Vestnes Varfjell var også representert då eit samansett juniorlag frå Rauma vann 2-1 mot Dombås søndag. Meir om denne kampen på nettsidene til Åndalsnes. Frå fjorårets juniorlag registrerer me at Sander Valde og Mathias Kjærstad har valt å halde fram karriera i Fiksdal/Rekdal som også spelte sin første treningskamp i helga. Lepsøy vart slått 4-2 i Vestnes idrettspark, og Valde noterte seg for skåring i debuten. Meir om dette her. Også dommar Svale Leren har skifta klubb frå Vestnes Varfjell til Fiksdal/Rekdal.