Seiersrekka vart brutt for juniorane som tapte 2-3 mot Averøykameratene tirsdag kveld. Ole Håkon Heen Lien og Nikolai Nyheim sendte Varfjell i leiinga 1-0 og 2-1 før pause, men AK snudde kampen i andre omgang. Avgjersla fall sju minutt før slutt. Fortent nok, men surt å miste uavgjort så kort tid før slutt for eit hardtkjempande heimelag. Gjestane hadde eit spelesmessig overtak særleg i andre omgang, men det var til slutt dødballane som felte heimelaget. AK sitt første mål var eit frispark frå langt hald som gjekk over alle og i mål, 2-2 kom etter ein corner der Varfjell-forsvaret ikkje fekk avklart og 2-3 på ei heading. Kampens prestasjon sto likevel Nikolai Nyheim for. 2-1-målet like før pause var ei perle der han drog seg fri og avslutta med skot i lengste kryss. AK tok med seieren eit stort steg mot KM-tittelen i juniorserien. Vestnes Varfjell kjempar om 3.-plassen. Elnesvågen borte er neste og siste kamp i seriespelet. AK om kampen | Tabellen
Junior: Poenget glapp mot topplaget
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter