Sample ImageEit nytt år med mange flotte idrettsprestasjonar er snart over. Det er tid for ei oppsummering av året som er gått og samtidig nytte høvet til å takke utøvarar, leiarar og tillitsvalde på alle nivå i Vestnes Varfjell idrettslag for gode, prestasjonar, godt samarbeid og samhald på og utanfor bana.

 

VVIL har no 760 registrerte medlemmer inkludert 260 støttemedlemmar, og har dei siste åra hatt ei gjennomsnittleg omsetning på nær 1,5 millionar kroner. Ting går ikkje av seg sjølv og mange unge og vaksne har delteke med dugnadsarbeid og anna inntektsbringande arbeid for å realisere turneringar og seriespel. Mange dyktige foreldre stiller opp som sjåførar og betaler eigendelar og medlemskontingent for at våre unge og håpefulle skal få delta i eit innhaldsrikt fellesskap der vi alle må innordne oss i idrettslaget.

Flest mulig, lengst mulig! er visjonen vår - med dette ynskjer vi å seie at vi vil gi tilbod om aktivitetar på ulike nivå mht. til utøvaren sine prestasjonar og ferdigheitsnivå. Vi har alle, både trenarar og leiarar ei utfordring med å klare dette. Eit godt døme på at vi har lukkast er satsinga VVIL har hatt for sine 26 gutar i klasse 15 og 16 år i 2006. Johny Sundqvist og Kristian Skålhavn har trent to ellevar-lag, eit i 1. divisjon og eit i 2. divisjon med totalt ca 60 kampar spelt. Utgangspunktet var at 16-åringane med supplement av 15-åringar og nokre hospitantar av 14-åringar i nokre kampar fekk representere VVIL og spele mot dei beste laga i Nordmøre og Romsdal. Andredivisjonslaget, med hovudvekt av 15-åringar og nokre 14- og 16-åringar fekk eit kamptilbod der dei overraska seg sjølv og leiarane med ein knallsterk 2. plass a poeng med Tomrefjord IL som vant denne gruppa. Utanom dette har to spelarar vore hospitantar på a-laget og 6 stk på kretslag i NRFK. Alternativet frå tidlegare år har vore berre eit lag med stort fråfall i denne aldersgruppa. I år har vi fått eit fråfall i løpet av sesongen. Dette er kjempebra og eit døme på at det kan nytte med å forsøke å nå målet om "flest mulig - lengst mulig" samtidig med at laga har gode sportslege prestasjonar.

For oss godt vaksne er det viktig å kunne kome ut av godstolen og bidra i vårt rike fellesskap. Stort aktivitetsnivå treng stadig påfyll av vaksne som tillitsvalde, leiarar og trenarar. Kva med å stille opp som vaktmeister nokre timar kvar veke i Vestnes Idrettspark eller som trenar for fotball, idrettsskule eller handball? vår visjon gjelder like mykje for denne gruppa med resurspersonar som for våre unge og håpefulle. Ta kontakt med oss i VVIL - vi treng deg!

 

Håndball:

Denne sesongen er det fleire som spelar handball enn nokon gang før, i overkant av 120 er aktive i alderen 10-16 år ! Denne sesongen har vi 7 lag med i seriespelet, neste sesong vil vi ha med 11 lag. Vestnes Varfjell IL handball har som mål å rekruttere spelarar frå heile kommunen. Vi vet at ute blant kommunens innbyggjarar fins det mange som har eit hjarte for sporten og som sjølve har spelt handball, ta dykk ein tur på kamp i Vestneshallen og opplev sporten på nært hald - kanskje du også kan tenke deg å bli med som trenar eller leiar ?

 

 Økonomi.

VVIL har ein ryddig og god økonomi takka være eit godt samarbeid med samarbeidspartnarar,  og gode rutiner i dei ulike gruppene i VVIL . Vi balanserer naturligvis på ein egg mht den formidable dugnadsinnsatsen og gratisarbeidet som vert lagt ned for å få vår organisasjon til å fungere optimalt, og kunne nok tenke oss at denne innsatsen blir honorert i større utstrekning enn i dag. Problemet med dette blir at den enkelte aktive må bidra med større eigendelar, om då ikkje det offentlige og kommunen kan verdsette idrettslaga sin innsats med øyremerka midlar til dette formålet. Uansett har styret for 2007 foreslått å auke satsane til treningsavgift med inntil 70 %. Grunngjevinga for dette er auka driftskostnader, vedlikehold på og rundt Vestnes Idrettspark og bortfall av automatinntektene. Håndball som no har i overkant av 120 aktive har også lagt inn auke i treningsavgifta for inneverande sesong som vert avslutta mai 2007.

 

Vår utfordring i tida framover vert å finne andre inntektskilder som kan erstatte automatinntektene som forsvinn heilt eller delvis sommaren 2007..  Målet må være å minimum opprettholde, men helst også auke vår handlingsfridom og vårt aktivitetsnivå.

 

Vestnes Idrettspark :
Styret håpar på at vi om nokre få år kan bygge eit fleirbrukshus på tomta mellom europavegen og Vestnes Idrettspark som kan gi idrettslaget faste årlege leigeinntekter og på denne måten halde oppe morgondagens forpliktingar til aktivitetsnivå i Helland.

Problematikken med fjerde arm i rundkjøringa er inntil vidare lagt død etter at administrasjonen i Vestnes kommune forgjeves har prøvd å overtyde Statens vegvesen om at dette kan bli ei god løysing for vidare utvikling for Helland Vest. Tida framover vil vise oss om vi får realisert dette prosjektet med eksisterande innkjøring mot Vestnes idrettspark i det beste og mest attraktive området i Helland.

Leiaren og styret vil gjere alt vi kan for nå våre mål slik at området blir eit enno viktigare og betre trivsels- og miljøskapande faktor i vårt nærmiljø.

Kunstisbane i Vestnes idrettspark:

I samband med ferdigstilling av kunstgrasbana i juni 2005 - eigd av Vestnes kommune med driftsansvar frå VVIL (for øvrig med berre to dagar driftsavbrot siste vinter) vart det også prosjektert ei kunstisbane flott plassert med steinmur på to av sidene. Planen er at kommunen skal ferdigstille ei kunstisflate på 30x60 meter bak eine kortsida av fotballbana. Om vi klarar å få til dette saman med ordførar og våre folkevalde kan vi få ei av i alt tre kunstisbaner som er planlagt i Møre og Romsdal. I mellomtida har tippemidlar og eigendel på kr 80.000 frå VVIL bidrege til at første byggesteg er ferdig - men når vert anlegget sluttført? Vestnes Varfjell har ikkje økonomiske musklar til denne sluttføringa og kan heller ikkje ta ansvar for drift at dette anlegget som garantert vil bli ein suksess og magnet for store og små i heile kommunen !

Nyttårsønske:

VVIL har mange dyktige medlemmer som alle på kvar sin måte bidreg i vår kvardag. Mitt nyttårsønske som leiar blir at vi alle skal utfordre våre talent som spelarar, trenarar og leiarar for å bli endå betre. Husk at gode prestasjonar kjem etter 80 prosent hardt arbeid og trening - resten frå vårt talent.

"Du er ikke god før du kan utfordre ditt talent og samtidig bidra til å gjøre andre rundt deg betre".

 Med dette lett omskrevne postulatet frå Nils Arne Eggen vil eg som leiar i vårt fantastiske idrettslag få ynskje "hegreberget", spelarar, utøvarar, foreldre, trenere, æresmedlemmer, samarbeidspartnarar og tillitsvalde ei riktig god jul og eit innhaldsrikt nytt idrettsår!

PS

Følg med på de som skjer i Vestnes Varfjell ved å sjekke heimesida vår,  www.varfjell.no , som fyller 10 år i år og har svært mange "treff" kvar dag heile året.

 

Kai M Stokkeland,

leiar VVIL