
Joar Kirkeslett vart heidra som nytt æresmedlem i Vestnes Varfjell på årsmøtet tirsdag. Kirkeslett har vore nestor i Vestnes Varfjell-handballen i ei årrekke og har også vore leiar for handballregionen. Han fekk tildelt diplom og tinnfat av leiar Knut Øyvind Hoem. Berre 11 personar deltok på eit udramatisk årsmøte der Geir Åge Sylte var den einaste som gjekk ut av styret og fekk takk for innsatsen (sjå bilde under). Knut Øyvind Hoem held fram som leiar. Resten av styret ser slik ut: Joar Kirkeslett (nestleiar), Anne Lise Rusten (barneidrett), Stein Bergheim (vaksenfotball), Alexander Connor (ungdomsfotball), Per Jøran Kjærstad (anlegg), Helge Mogstad (handball).