Vegard Ellingseter brukte berre 11 minutt på å skåre tre mål i kampen mot Dahle 2. Hattricket kom med tre velplasserte avslutningar frå omtrent same stad - to skot i banespel og eit frispark. Då hadde midtbanespelaren vore på banen i berre fem minutt etter at han kom inn som innbyttar:
5-0, 67 minutt: Ellingseter får stå fritt like utanfor 16-meter og plasserer ballen over Dahle-forsvaret og til venstre for keeper.
6-0, 70 minutt: Nok ein gong er Ellingseter på skothald, denne gongen avsluttar han med ein "duppar" som fyk over keeper og i mål.
7-0, 78 minutt: Frispark frå rundt 20 meter, igjen like utanfor hjørnet av 16 meteren. Ballen blir skrudd over muren og til side for Dahle-målvakt Viljar Skaufel Sæter.
Dermed er me også kome fram til hattrick i serien "rask, men ikkje raskast". For det er faktisk Varfjell-spelarar i historien som har klart kunsttykket enno kjappare enn fiksdalingen med tilnamnet "Cruz".
Sjølvsagt skal me til ein Leikarnes når det er snakk om skåringar, men denne gongen er det ikkje Ronny, men søskenbarnet Roar. Vikebuktingen står oppført med det raskaste hattricket i Varfjell-historien. Me saksar frå jubileumsboka:
Hattrick på fire minutt
Mange spelarar har notert seg for tre mål eller meir i same kamp, såkalla hattrick. Ikkje alle har greidd det på like kort tid som Roar og Ronny Leikarnes. Aller raskast var Roar Leikarnes i 1994-sesongen.
I løpet av fire minutt av heimekampen mot Skåla sette han ballen i mål tre gongar. Måla kom slik: 1-0, 37. minutt: Lars Jørgen Skjegstad spelte ballen igjennom til Leikarnes, som sette ballen forbi keeper. 2-0, 39. minutt: Leikarnes heada ballen i mål etter ein corner. 3-0, 41. minutt: Ronny Leikarnes skaut i stolpen, Roar Leikarnes sette returen i mål. Kampen endte 3-0.
Sesongen før hadde storskårar-søskenbarn Ronny vist korleis det skulle gjerast. I løpet av sju minutt skåra han tre gongar i heimemøtet med Moldebølgen. Dei raske hattrick-skåringane kom i perioden frå det 15. til det 22. minutt. Ronny Leikarnes noterte seg seinare også for sitt fjerde mål i ein kamp Varfjell vann 7-2.
I aldersbestemt fotball har Arjan Hulsker rekorden. I ein gutekamp mot Molde 4 i 1994 skåra han fire mål i løpet av tre minutt i ein kamp Varfjell vann med utrulege 47-0.
I nyare tid skåra Elling Olafsen ikkje mindre enn to raske hattrick i den utrulege kampen der han sette inn alle 8 mål i 8-0-seieren borte mot Eidsvåg i 2017. Først i løpet av fem minutt frå 29.-34 minutt før pause, så det same frå 66.-71. minutt i andre omgang. Les meir om bragden her.
Markus Brudeseth tok også plass på topplista same sesong. Måndalingen skåra hattrick på 9 minutt då Træff 2 vart slått 7-6. Les meir her.
Ronny Leikarnes brukte 14 minutt på å skåre dei tre første av totalt 4 mot Bud i 2006. Meir her.
Elling Olafsen igjen: Ti minutt på hattrick etter 5-2 mot KFK i 2010. Meir om kampen.
Nirut Mjøs skåra tre mål på 18 minutt i 7-5-seieren borte mot KFK i 2008. Les meir om den kampen her.