Den avtalte treningskampen mot Stranda fredag kveld vart ikkje spelt. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier han hadde problem med å stille lag, og at turen til pizzabygda dermed ikkje vart noko av. Neste kamp er mot Stordal 10. april. Dette er også generalprøve før seriestarten heime mot Frei tirsdag over påske.