I eit intervju med Vestnesavisa tidlegare i sommar sa Rosenborg-trenar Kjetil Rekdal at Tomrefjord og Vestnes Varfjell burde samle dei beste spelarane på eitt lag for å komme opp eit nivå i divisjonssystemet. No har avisa spurt dei to klubbane om dette er ei aktuell problemstilling, men skal me tru svara blir det ikkje noko av med det første. Tomrefjord svarer kort at dei ikkje har slike planar, og viser til at dei alt samarbeider med Fiksdal/Rekdal. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor gir eit meir utdjupande svar:
– Det å ha to lag i same divisjon i kommunen som kjempar om å vere best, er berre bra for interessa rundt desse to klubbane. Det er berre sunt at det er ein del kiving og temperatur når Vestnes Varfjell og Tomrefjord barkar saman i lokaloppgjer, seier han.