Image
Kamp for ein femtilapp
Billettprisane for heimekampane i 4. divisjon blir i år 50 kroner for vaksne, dette er 10 kroner rimelegare enn i fjor. Samtidig blir det innført honnørrabatt, noko fleire pensjonistar har etterlyst, opplyser arrangementsansvarleg Geir Åge Sylte til varfjell.no. Prisen for honnør og ungdom 12-16 år blir 20 kroner. Barn under 12 år går inn gratis. Første sjanse til å sjå Vestnes Varfjell i aksjon er fredag. Då kjem Clausenengen på besøk. Møtt opp og hei fram heimelget. Her blir det mykje moro for ein femtilapp! Husk at dei framleis kan skaffe deg sesongkort på Aker stadion og få alle heimekampane til Vestnes Varfjell på kjøpet. Snart er det lokaloppgjer mot Aalesund og med sesongkort er du sikra plass. Bestill via mfk.no eller send epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.