Vestnes Varfjell tapte til slutt 0-1 mot serieleiar Averøykameratene då 4. divisjon starta opp att etter ferien fredag. Kampen vart avgjort etter litt markeringssvikt på ein corner like før slutt der David Nedal fekk heade i mål. Til då hadde Vestnes Varfjell-forsvaret heldt stand anført av lagets bestemann Marius Ulla. AK hadde kanskje eit lite spelemessig overtak, men skapte ikkje så mange sjansar. Heimelaget var vel så farleg på sine kontringar. - Det var god moral i laget, synd at det ikkje var poeng. Me var også snytt for eit soleklart straffespark på slutten. Uansett ser me no fram mot neste kamp, borte mot Eide, sa trenar Knut Øyvind Hoem etter kampen. Han måtte sjølv innpå etter at Magnus Nerheim fekk strekk etter 30 minutt. Meir seinare