Harald Innli med skåring mot Tomrefjord i 1987. (Foto: Gjermund Kjøpstad, Bygdebladet)

Tidlegare Varfjell-spelar Harald Innli (f. 21. august 1961) er død, berre 62 år gammal. Han døydde brått heime på Vestnes 4. mars. Innli var ein markant spelar for Varfjell i åra 1980-1991 då han skåra 102 mål på 172 kampar i serie og cup.

Innli markerte seg alt som gutespelar heime i Isfjorden. Her nådde han avisoverskriftene då han skåra 31 mål på to kampar for Isfjorden i 1976: 16 mot Rekdal og 15 mot Tomrefjord. 

Romsdals Budstikke 21. september 1976.

I 1979 vart han henta til Åndalsnes, men alt året etter tok kjærleiken han til Vestnes. Då var ikkje vegen til A-laget på Varfjell lang, og med unntak av ein halv sesong  for ÅIF i 3. divisjon i 1983, spelte han samanhengande for Varfjell fram til han la opp etter 1991-sesongen.

Den raske og teknisk gode spissen var fleire år lagets toppskårar. I 1985 vart han toppskårar i 5. divisjon avdeling Romsdal og fekk trofé frå Romsdals Budstikke.  Sju gongar noterte han seg for hat-trick, altså tre mål i same kamp. Innli var også ein habil handballspelar for Isfjorden IL.

Harald Innli med toppskårartrofeet for 5. divisjon i 1984.Foto: Romsdals Budstikke

Me lyser fred over minnet. Det blir bisetting frå Vestnes kyrkje onsdag 13. mars kl. 13.

Harald Innli (nede til høgre) saman med Ola Øveraas, Bjarne Nerheim og André Sylte etter seier mot Havørn i 1986. (Foto: Tore Ellingseter, Bygdebladet)