Fleire spelarar frå Tomrefjord har spelt gutefotball i Vestnes Varfjell av mangel på tilbod i eigen klubb. No returnerer Christer Enger, Oliver Hølgenes og William Akselvol Eiken til moderklubben, skriv Bygdebladet tirsdag. Av desse fekk Enger A-kampar, då han kom innpå i åtte kampar i 4. divisjon. Avisa skriv elles at Tomrefjord mister spissen Ken Robin Hildre til Træff, medan Jørgen Gravdehaug (Guard), Michael Tomren (kvileår) og Kenneth Eik Frostad (skade) er på veg tilbake. Tomrefjord skal i år samarbeide med Fiksdal/Rekdal om eit lag i 6. divisjon der Dag Nakken blir trenar.