Daniel Gravdehaug (t.v.) saman med Varfjell-legende Lars Jørgen Skjegstad etter kampen mellom Vestnes Varfjell og Træff 2 i fjor.

Daniel Gravdehaug er gjest i nyaste episode av lokalfotball-podkasten Opp med praten. Her fortel han mellom anna om korleis det gjekk til at han vart Træff-spelar etter at han først skreiv under for Vestnes Varfjell. Han blir også spurt om korleis han trur det går med gamleklubben som slit i botn av 4. divisjon. Til det svarer kantspelaren at han har tru på sin gamle lagkamerat Tommy Kanishi Andreassen som ny trenar, men er klar på at laget treng forsterkingar framover på bana om dei skal overleve.

Podkasten kan du lese meir om og høyre her i avisa Driva.

Daniel Gravdehaug var Varfjell-spelar berre nokre månader før sesongstart i fjor før ferda gjekk vidare til Træff. No er han sentral for Alexander Connor og Træff 2.