Vestnes Varfjell spelte sin kanskje beste kamp for året, men gjekk likevel poenglause av bana då topplaget Sunndal gjesta Vestnes fredag. Elling Olafsen gav laget leiinga 1-0 til pause då han runda keeper etter 37 minutt etter fint framspel frå Amund Stavem. Sunndal snudde til 3-1 midtvegs i andre omgang, og kampen syntest over. Men heimelaget gav seg ikkje, og greide å mobilisere til ein imponerande sluttspurt. Først reduserte Trond Klokset på eit skot frå 16 meter før Amund Stavem utlikna sju minutt før slutt etter framspel frå Ørjan Tangen. Vestnes Varfjell satsa no på å kapre alle poenga, men i staden skåra Erik Rotlid vinnarmålet for Sunndal like før full tid då han fekk stå aleine framom mål etter eit innlegg. Det var også Rotlid sitt tredje mål i kampen.  Eit fåttallig publikum fekk sjå ein spennande og morosam fotballkamp i regnveret i Vestnes idrettspark. - Bittert at det ikkje vart poeng, det fortjente gutane etter innsatsen dei la ned. Offensivt var dette vår beste kamp, sa trenarane Knut Øyvind Hoem og Svein Erik Lange Male etter kampen.

Sjå bildegalleri frå kampen her | Sunndal om kampen (via TK)

 

 

 

Første omgang var sjansefattig, der Sunndal hadde dei to største før Olafsen sendte heimelaget i føringa til pause. Gjestane betre med sitt kantspel i starten av andre omgang, alle dei tre første måla kom etter innlegg frå sida.

 

Vestnes Varfjell hadde ein stor sjanse like etter 1-3 då Elling Olfasen ikkje nådde fram føre ope mål. På stillinga 2-3 hadde Trond Klokset eit skotforsøk som gjekk via eit Sunndal-bein og utanfor. Eit skot frå same mann på keeper var det næraste heimelaget var 4-3.

 

Uansett om det vart tap, var dette ein positiv kamp av heimelaget. Innsatsen var på topp og laget viste til tider godt angrepsspel anført av Amund Stavem som var høgt og lavt gjennom heile kampen. Bak debuterte Marius Ulla for året, han tilførte ro i forsvaret og spelte ein god kamp.

 

No ventar to bortekampar på rad før ferien; mot Eidsvåg og Åndalnes.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Sunndal 3-4 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 12. juni 2015 kl 19

Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar (2 Sunndal)

Mål:

1-0 (37) Elling Olafsen

1-1 (50) Erik Rotlid

1-2 (60) Rotlid

1-3 (69) Marius Wettre

2-3 (72) Trond Klokset

3-3 (83) Amund Stavem

3-4 (88) Rotlid

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive

Gult kort: Sander Ressel Grimelid, Sunndal

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Kevin Gravdehaug (Ole Håkon Lien 88.), Ørjan Tangen, Marius Ulla, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide (Trond Klokset 55.), Ole-Gunnar Kjærstad - Amund Stavem, Elling Olafsen, Juan Larsen (Azim Ahmadi 66.)