Vestnes Varfjell G 16 har denne vinteren spelt både kvalifisering til 1. divisjon og Telenor cup. Plassen i 1. divisjon vart sikra etter utavgjort 2-2 mot Molde 2 og seier 3-1 mot Hjelset-Kleive. I cupen vart det seier 2-1 mot Åndalsnes i ein kamp som vart spelt på Åfarnes. Dermed var laget klar for den regionale runden der lag frå Møre og Romsdal og Trøndelag er med. Her vart Hødd for sterke. Sunnmøringane vann 4-1 i Vestnes idrettspark 5. mars. Glenn Stenødegård skåra for Vestnes Varfjell. Kampfakta