Vestnes Varfjell spelte 3-3 mot Molde2/Rival i den siste gruppespelskampen i kvalifiseringa til NM og 1. divisjon. Vestnes Varfjell dominerte banespelet før pause i flomlyset på sjølvaste Aker stadion, men heimelaget kontra to gonger og gjekk i leiinga 2-0. Vestnes Varfjell greide ikkje å halde oppe det same trykket i andre omgang. MFK2/Rival såg ut til å ha kontroll heilt til det var Vestnes Varfjells tur til å utnytte ein overgang. Innbyttar Daniel Gravdehaug stakk igjennom og reduserte på sitt første spark på ballen. Knut Stian Eik (aleine med keeper) og David Sissoko (skot like utanfor) hadde sjansen til å utlikne før den endeleg sat etter eit hardt skot frå 16 meter frå Sondre Tomren. Det såg ut til å gå mot 2-2, men heimelaget hadde krefter igjen og utnytta markeringssvikt i Vestnes Varfjell-forsvaret slik at det sto 3-2. Det sto seg til kampens siste angrep. Igjen var det Gravdehaug (som laurdag er tatt ut til kretskamp) som dukka opp på rett stad til rett tid. Frå bakre stolpe sette banens minste spelar inn 3-3. Kampen vart avblåst rett etter avspark. Poenget tok Vestnes Varfjell opp i 4 poeng og forbi Åndalsnes til 4. plass. Det gir ny kvalifisering mot Skåla og Averøy fotball om den 10. og siste plassen i 1. divisjon. Vestnes Varfjell starta kvalifiseringa med å slå Åndalsnes 3-2 før det vart stortap 0-11 borte mot Nordlandet og 1-4 heime mot Sunndal no måndag. Tabell>>
G16: Sikra seg ny sjanse i siste sekund
- Detaljer
- Skrevet av: Nettredaksjonen
- Kategori: Nyheter